-

Nivå 0

Oppdage og utforske

Nivå 0 handlar om å vere merksam på signal som kan gi grunn til undring eller bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom. Målet i denne fasen er å setje ord på det ein observerer, og undersøkje nærare om det er grunnlag for vidare oppfølging.

Den tilsette startar med å reflektere over eigne observasjonar og konkretisere kva som skaper uro. Bekymringa skal drøftast med næraste leiar, kollega eller i team, i tråd med interne rutinar i Lesja kommune. Her skal ein bruke forenkla pedagogisk analyseskjema. Følg trinna steg for steg.

Barnet og føresette skal involverast så tidleg som mogleg, dersom det er naturleg og til beste for barnet. Husk at det kan være føresette som kjem med si bekymring, som dei tilsette tek vidare.

Nivå 1

Samarbeid om tiltak i eiga teneste

Nivå 1 handlar om å arbeide saman med barnet og dei føresette for å finne gode løysingar innanfor eiga avdeling eller teneste.

Målet er å setje inn tidleg og målretta hjelp i samarbeid med barnet og dei føresette. Oppfølginga skjer som hovudregel innanfor éi teneste eller avdeling, der ein vurderer kva tiltak som kan bidra til positiv endring for barnet eller ungdommen.

Det er viktig at barnet sitt syn kjem fram, og at både barnet og dei føresette blir involverte i arbeidet vidare. Tiltaka skal vere konkrete, tilpassa situasjonen og mogelege å følgje opp i praksis. Nivå 1 omfattar dermed samarbeid, planlegging og gjennomføring av tiltak innanfor ramma av den tenesta som allereie er inne.

Nivå 2

Samarbeid mellom fleire tenester

Nivå 2 handlar om å videreføre eit godt samarbeid mellom barnet/ungdommen, dei føresette og invitere inn ei teneste til for å finne gode løysingar og sikre samordna oppfølging gjennom felles innsats.

Barnet/ungdommen si stemme skal vere ein naturleg del av samarbeidet, og føresette skal involverast gjennom heile prosessen. Det må avklarast kven som koordinerer arbeidet vidare, slik at oppfølginga blir samordna og føreseieleg for alle partar. Arbeidet skal vere tydeleg og strukturert, slik at alle involverte veit kva utfordringa gjeld, kva mål de arbeider mot, og kven som har ansvar for dei ulike oppgåvene.

Nivå 3

Samarbeid mellom fleire tenester med koordinert innsats

Nivå 3 handlar om å vidareføre og styrkje samarbeidet mellom barnet/ungdommen, føresette og fleire tenester når utfordringane er samansette og krev koordinert innsats over tid. Målet er å sikre heilskapleg oppfølging gjennom tett samarbeid på tvers av tenester og fagområde.

Samarbeidet skal vere tydeleg, strukturert og forankra i felles mål, slik at alle involverte har ei felles forståing av utfordringane, kva ein ønskjer å oppnå, og kven som har ansvar for dei ulike oppgåvene. Gjennom regelmessig dialog og samordna innsats skal barnet eller ungdommen og familien oppleve ei føreseieleg og trygg oppfølging.